Sep 27, 2012

Historia om Javnberghekse

Du ser når du æ på område te Javnberghekse.
Ei gong i attentredveåro budde det ein gardbrukar i Skammestein så heitte Knut Li. Han va rekna før å væra ein sver kar i bygde. I ungdomsåre hadde’n vøre soldat i det norske forsvaret og vøre ein tå dei så hadde sete vakt ved svenskegrensa i 1814. Kji eigong han Knut Li kunna stoppe Karl Johan, men når han førtælde historia sia, va det kji langt undå.

Han hadde reist rundt i landet og vøre stortingsmann mæ. Han va gøtt likt i bygde. No van i førtiåro og hadde vørte enkjemann. Han hadde vørte feit og rund mæ, og sat no helst utta døre på Li og passa på at tenistfølke gjorde så dei fekk beskjed um.

Knut Li hadde ein husmann så vart kalla Tore unde berge. Han Tore hadde fått ein unnselig liten plass like unde Javnberget. To småe hus og ein stusselig jordvøll hadde han å leva tå. Han så hadde hatt plassen før kunna førtelja at han hadde skøte ein hare der ein dag. Det angra’n på, før harin kunna greidd se på plassen, det greidde kji han.

Han Tore greidde se nå bra, lell. Du skjøna at han va alvole god te jakte. Tore kunna stryke te fjells og vera der i dagasvis. Han fekk noko kor gong. Når andre kara kunna jakte i vekosvis og ende opp mæ berre ein tynn reinsskrøtt, så kom denna fanten i plasse heimatt mæ tre feite reinsbukka ette berre eit par daga.

Dei sa at’n Tore hadde ein eigen kontakt mæ naturn. Han skjønte se noko meir både på dyre og fjelle enn nokon andre. Han kunna prate ved haugafølk og hulder meinte dei. Det va difør han va så god te jakte, fiske og leva i fjelle. Ein kar kunna førtelja at han hadde sett’n Tore stå å lokke på ein elgukse og dyret hadde kome burtåt så ein hund. Ei anna historie så æ førtælt æ at’n Tore redda ei kvige før bondin i Store-Beito. Det va mæ dei va på støle at ei kvige berre hadde lagt se ned og låg og rauta. Budeia hadde kji visst si arme råd då’n Tore hadde kome gåande førbi. Han hadde jakta rein oppunde Gluptindadn. Budeia hadde lete om ko ille det va. Tore hadde førtælt hona at hvis’n fekk mat så skun sjå på kviga. Budeia ga’n både mat og drikke og ei lampe te ha uti fjøse. Heile natte sat’n Tore uti der og budeia høyrde noko fæl rauting, men ho tørde kji stå opp og sjå ette.

Om mørgon når ho sku åt fjøse sto kviga på båsen sin og hjorta role og Tore låg ved sia tå og søv. Ette eit par dramma brukte beitobondin å førtelja at kviga va mæ kelv utta at han nokon gong hadde hatt ho te ukse. Han va fornøygd lell, før kelvadn ette henne vart dei beste kydn han nokon gong hadde hatt. Dei gamle kjeringdadn i bygdn sa at han Tore hadde fått hjølp tå huldre mæ å få kyre frisk att, og at dei hadde para ho mæ beste uksin sin. Når nokon sporde han Tore um detta så berre gliste’n og sa at det nå vart sagt mykji rart mæ.

No hadde det se slek at det kom ei jente oppi plassen hass Tore. Ho va kansi femten år gamal og nett så berre det. Klare, blåe augo og tjukt, gult hår hadde ho. Jenta heitte Marit.

Skuggin tå det så kan vera hekse observert i 2011
Følk lurde naturlevis på kor denna jenta kom frå. Va ho kjeringe hass Tore, enn ko va ho? No hadde det se slek at det va ei gamal livaursenkje så held te i Røe, så va kjent før å væra alvorle nysgjerrig og så kji skjemdist tå di. Ho nappa fatt in Tore ein syndag ette kjyrkjitid og lurde på ko detta va før slag. Då kunna Tore førtelja at ho Marit va døtte hass. Kji at detta hjølpte fært mykji, før han Tore hadde nå alder interessert se før kvinnfølke. Det va mang ei jente i bygdn så kunna vitne på det, før Tore va ein kjekk og velbygd kar, men alder hadde han lagt se ette ei einaste tå dei. Det te tross før at dei hadde gjort se fere før at nettup han Tore sku koma rekande ette dei.

Enkja or Røe meinte å ha svar på det mæ. Han Tore hadde fjåsa mæ hulder. Alle visste jo at han hadde kontakt mæ haugafølk og anna fanteri. Det va jo difør han hadde slek hell mæ jakt og fiske. Det sku berre mangle at ei tå huldridn hadde fått lege på armen hass. Det va nok difør han kji va ivrig på andre jento, før har du fysst lege på armen åt ei hulder, æ gudfryktige kvinnfølk or bygde kji veldig spennande. Det va egentle lett sjå at ho hadde huldreblod, va kji ho Marit penar enn noko vanle kvinnfølk. Kji va ho å sjå i kyrkja haldan. Så slek vart det egentle bestemt at ho Marit Toresdatter va tå huldreslekt.

Te tross før detta va ho Marit gøtt likt i bygde. Ho va bli, trivelig og snill. På ingen måte slek så denna stuvine og grinute far sin. Så gøtt likt va ho at ho tok se post så tenistjente i Li. Der vart ho sett te vera budeie og ta se tå fjøse. Det va tydelevis eit arbeid ho va einlaga te. Ingen hadde sett jente mæ slek lag mæ krøter.
Det va ei gong ho sku pare ei kyr mæ storuksin i Hedale. Drengen skulle gå å løsa beistet og sleppe’n inn i bingin te likyre, då svinet stanga te gutekvelpen så’n skvatt undå. Så rauta’n og sprang te uti garn. Ho Marit hjølpte guten oppatt og såg te at’n kji hadde gjort se noko, før ho gikk uti garn. Sakte gikk ho burtått uksin mæ ho messa nokre rare ord. Uksin vart ståande heilt stille og glane på jenta heilt te ho kom bortått. Då la ho hønde på huvo hass og klappa dyret sakte. Ette ei ri kunna ho leie denna svære uksin innatt ette eine øyra. Para kyre fekk ho mæ.
Fine kyra fekk ho te mæ.

Det vart sagt at i Li mjølka kydn bære enn i nokon an gard og snille va dei mæ. Ho Marit låg åleine på stølen, men ho va kji redd. Alle skjønte at detta kom tå huldrebloe i ho. Difør held gutadn se undå. Jenta va fin og trivelig, men dei tørde se kji innpå ei slek huldrejente. Hadde dei tølt, så hadde dei kji fått løv tå mor si.

Den einaste så kji va redd va han Knut Li sjøl. Han hadde tross alt vøre ute i værn. Han Knut hadde vøre enkjemann i nokre år no, og va egentle fornøygd mæ det, men når han såg hona Marit vakna gamle følilsa i skrøtten hass. Han fekk det før se at han ville ha ho Marit. Te byne mæ va det lite morosamt. Begge skrata tå det, og ho Marit spelte mæ, utta at det vart meir enn prat. Det gjorde det kji bære før’n Knut. Han vart vill tå lyst ette denna jenta. Han gjekk hardar fram, men uansett ko’n prøvde, så fekken eit nei og eit smil. Detta plaga’n Knut noko alvorle, han va jo storkar og verdensmann, så å få se te mæ ei småjente or bygdn burde væra enkelt. Det gnogen noko alvorle detta og han mista matlyste og fekk kji søva om natte. Han skjønte at han va førgapt i denna jenta, men ho berre gliste og tirra.

Så va det ved haustbel og følk hadde fløtt heimatt frå støle, og det va fest på Ukshøvdkampen. Alle tenistfølke i Li hadde drage i vegen, alle utta ho Marit. Detta syntis han Knut va ein god muligheit. Han gjekk uti bue, der ho Marit låg, og sporde om ho ville ha mat. Det vilde ho og han Knut spanderte eit gøtt gilde på ho. Når dei hadde ete gøtt drog Knut fram ei fleske mæ brennevin og ville skjenkji jenta. Ho prøvde å nekte, men han Knut meinte at ho hadde gøtt tå di. Te slutt ga ho ette, mæ detta gliset sitt. Han Knut passa på å fylle på glaset hennes heilt te ho va så full at ho sat å dukka mæ huvo. Då skjønte han Knut at han fekk rå før lyste si og fata fatt i ho Marit og kasta se over ho. Stakkars jenta va så full at ho kji greide å gjera noko motstand.

Når han va ferdig valt han Knut ned i slabenken og søvna, fornøygd og god. Då’n vakna sat jenta skrevs over denna store vømbe hass og dessa blåe augudn va kalde og harde. Ho sat og hulla nokre rare ord og ajerte noko mæ hendadn. Han Knut vart redd og kasta jenta tå se og nepå gølvet. Då skreik ho stygt og for ut.

Dagen ettepå va det ingen så såg ho Marit. Ho hadde vørte heilt burte, og sia va det ingen så greidde finne hona. Han Knut hadde vørte redd kvelden før og sat berre i benken sin og stirde framafør se. Han greidde knapt å prate og han fekk kji i se mat. Han så hadde vøre så sel tå mat. Ettekort så tie gikk så vart det kji likar mæ Knut. Han vart tynn og grå i håre. Skjegget vaks og tennadn datt ut. Følk skjønte at det kji va lengi før han va ferdig. Ikkji nok med det, men det bynte å gå dåle på garn mæ. Det kom mus i kødnet, kydn kasta kelvadn sine og mjølke vart sur. Dei fleste skjønte at det va ein forbannils så hadde kome over Li, og alle skjønte at det va ho Marit så hadde gjort det.

Ette nokre måna hadde Knut vørte berre skinn og bein og dei skjønte at det lei på det siste. Tenistfølke hadde reist frå garn, den einaste så va att va ei gamal kjering så heitte Guri. Ho prøvde å ta se tå denna gamle skrøtten så gøtt ho kunna, men ho mæ skjønte ko slags veg det bar. Så ein sein kveld uti juni kom han Tore på døre. Han hadde kji vøre å sjå i bygde heile vintern. Han kom inn te ho Guri så sat og prøvde å mate han Knut. Han Knut vakna te og det blanke i augudn vart burte. Han Tore la ein bylt mæ ein ganske så nyfødd gutunge  på bordet.
“Detta æ sån din, Knut” ,sa han, “du har kji lengi att og han ska arve de.”
Han Knut nikka og tårudn rann neover kjako hass. Han la hønde på huvo te guten og berre sa at det kji va meir enn rett og rimele.

Han Tore takka før se og sku te å gå, men før han gikk så sågen på ho Guri og sa: “Du får ta de tå guten du, Guri. E trur det bli ein kjekk kar ettekort. E ska helse frå Marit og seia at ho kjem te å halde eit auga på dikkan og nåde dikkan om det skjer guten enn dei han æ sæl tå noko.”
Så forsvann han Tore, og ingen såg han meir i bygde. Dei seie at han fløtte inn mæ døtte si og huldrekjeringe. Han Knut døydde den natte, og hadde visst eit breitt glis. Det va visst ei åntle lettils å sleppe den pina han hadde hatt den siste tie.

Guten vart døypt Knut, så far sin, og vaks upp i Li. Ho Guri stulla og stelte mæn så han sku væra hennes egen. Guten va kvikk og frisk og vaks opp te bli ein staut og god kar. Kydn i Li bynte å mjølke att, og alt vart berre bra der på garn. Han Knut levde te han vart ein gamal kar og gifta se og fekk mange unga. Han va likt i heile bygde. Det vart sagt at han Knut va så heldig i alt han foretok se. Han fekk alltid goe avlinga, hadde goe kyra og va ein jævel te jakte. Alle visste kost det hadde se, og mange sa at når dei gikk oppunde Javnberget og Storbergtinden hende det dei såg ei lysåhåra jente så smatt myljo treo.

Dei seie at ho Marit endå held te oppi skogen unde berge og held eit auga på følke på Ligardadn og dei andre gardadn, før han Knut fekk mange unga og dei gifta se te mange bruk i bygde. Så hvis du syns du ser eit blondt hår så vaia i vinden når du traska oppi skogen ova bygde i Skammestein, så æ det berre Javnberghekse. Det æ kji fale, ho vil de kji noko vondt. Iallefall kji lengi du kji vil ho enn etterkomaradn hennes noko vondt. Leita du gøtt finn du tuftidn ette plassen hass Tore uppi der mæ. Gjere du det så set de ned og tenk på jenta så budde der og så dei seie bur der endå.

Sep 24, 2012

Lykke

Hvorfor skal vi jage lykken? Den engelske komikeren Jeremy Hardy sier at livet er grunnleggende trist, og når verden sier at vi skal være så fantastisk lykkelige hele tiden, blir vi bare enda mer triste fordi vi ikke er så lykkelige som vi føler vi burde. “Aksepter at livet er trist og få opp humøret,“ sier Hardy “det varer ikke evig!”.

Han har et godt poeng. Vi lever i en verden der det nesten er påbudt å være lykkelig. En kjapp kikk på Facebook og det virker som alle har det helt fantastisk. Vi har verdens snilleste og søteste barn, vi spiser god mat og drikker enda bedre drikke med venner som er morsomme og sjarmerende og når vi er alene så har vi jammen meg kvalitetstid da også.

Jeg tror ikke at noen av oss kan være lykkelige hele tiden. Ungene kan være skikkelig rampete og utrivelige, det hyggelige selskapet kan være slitsomme og kjedelige og du kan faktisk sitte hjemme alene og synes at alt bare er kjedelig. Hvorfor redigerer vi ut dette fra livene våre? Såklart skal man ikke dele alle sine sorger med medmennesker og spesielt ikke klassekamerater fra sjuende som har flyttet til Alta og du ikke har sett på mange år. Likevel er det irriterende mye glade folk der ute. Jeg har på følelsen av at jeg er det eneste mennesket som våkner opp om morgenen og ønsker at verden kan holde kjeft og la meg i fred.

Venner har fortalt meg at jeg nok ikke er den mest positive personen i verden, men ikke så veldig mye verre enn de fleste andre. Så jeg antar at de fleste av oss har det litt tråkig iblant, men vi skjuler det. Kanskje vi skulle bli litt flinkere til å innrømme at alt ikke er så innmari rosenrødt iblant, kanskje det blir litt morsommere å leve da.